GLOPPEROCK 2024 // Heradsplassen / / Sandane
Plumbo:
Årets hovudaktør under festivalen er bandet Plumbo, som med hit´en Møkkamann vann Spellemannsprisen for Årets hit i 2011. Utdelinga gav bandet og frontfigur Lars-Erik Blokkhus framsideplass i alle landsdekkande aviser, og heile Noreg hadde brått ei meining om bandet. Sidan dengong har bandet turnert hyppig, og stadig gjeve ut ny musikk til glede for unge og vaksne fans. Plumbo har ikkje spelt i Gloppen før, og fleire har etterspurt bandet tidlegare år. No greip vi sjansen, og gler oss til å dele opplevinga på tvers av generasjonar
Plumbo blandar sjangrane som pop, rock, folk, country og boogie, musikken omtales ofte som festrock. Stor allsongfaktor på konsertane, med høg feststemning.
Plumbo er kjent for hit-låtar som «Møkkamann», «Ola Nordmann»,»29 tonn», «Rådebank», «Bade naken», «Porsche Cayenne» og mange fleire.
Plumbo består av:
Lars-Erik Blokkhus - gitar og vokal
Tommy Løken-Elstad - bass
Glenn Hauger – trekkspill og fløyte
Elg Knutsen - trommer
The Promise – a tribute to Springsteen
Alle elskar Bruce Springsteen, og sidan originalen plukka ut Bergen som besøksstad for 2024, tok vi tak i det nest beste alternativet. The Promise er eit 9-mannsband som for dette høvet vil hylle Springsteen sitt kommersielle høgdepunkt, nemleg plata «Born in th U.S.A», frå start til slutt. Ettersom det i starten av juni er 40 år sidan denne plata såg dagens lys, passar det perfekt å markere dette under Glopperock i år. Med ei sopass stor besetning på scena vert det utvelsamt trøkk frå start til slutt, og ein pangstart for Glopperock 2024 sitt hovudarrangement laurdagskvelden.
«The Promise – a tribute to Springsteen» er:
Inge Villy Hauge, Vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick, Gitar og vokal
Ole Rasmus Hjelle, Gitar og kor
Jarle Grotle, Piano og kor
Henning Reinton, Orgel
Kjetil Solberg, Bass
Anders Vengen Jensen, Trommer
Einar Rune Haugnes, Saksofoner
Jan Erik Reknes, Trompet og kor
Hit Station:
Morten Fredheim, kjend frå The Voice, stiller på med bandet Hit Station. Bandet vil være siste aktør ut for kvelden, og vil spele dei største hitlåtane frå 80-talet og fram til notid. Lista er lang og spenner seg frå Van Halen, innom A-ha og til Taylor Swift. So absolutt noko for ein kvar smak, og showet vil bli ispedd ekstra pyroeffektar for å gjere kvelden komplett for dei som vert med oss i allsongen til siste slutt.
BILLETSAL VED INNGANG !.
Billettar Early Bird laurdagspass prisar startar frå kr.690.-
Gruppe billettar ved kjøp av 3 eller fleire kr. 640.- pr stk
Gruppe billettar ved kjøp av 5 eller fleire kr.590.- pr stk
Avgrensa tal Early bird billettar og publikumskapasitet på Heradsplassen.
Følgekort er ok, vis dette ved inngang så noterer vi på liste og du får billettband (den andre betalar billett)
TELT, bord, benkar og stolar til publikum vert utplassert på Heradsplassen. Scena plassert mot Gloppebua.
Restrictions
Aldersgrense 18 år. Hugs gyldig legitimasjon!
Waiver
Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell, dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon, før eller under arrangementet.