page view image

GLOPPEROCK 2025 // Sandane Stadion

Siste moglegheit til å oppleve Åge Aleksandersen & Sambandet i Nordfjord og Sogn.

Information
event image

Åge & Sambandet tek turen til Sandane og Glopperock 2025 14.juni !

Under ein pressekonferanse i 2023 annonserte Åge Aleksandersen at turnèen i 2025 ville bli den siste for Åge & Sambandet. Etter nærare 50 år og uttallige konsertar skal historia rundast av, og Glopperock er med på eventyret! Bandet har spelt på festivalen vår fire gongar tidlegare, mellom anna under verdas fyrste Glopperock i 1980. Starten på Åge & Sambandet sine konsertar på Sandane var måndag 24.april 1978, for ein utseld Aula v/Firda vgs. Etter eit langvarig og godt samarbeid gjennom mange år er det naturleg for både Åge og oss at vi tek ein siste dans!


Turnèen har fått enorm merksemd, og avsluttast med tre utselde konsertar på Lerkendal. Då kunne ikkje vi være noko dårlegare, og legg difor festivalen til vår lokale variant: Sandane Stadion!


Laurdag 14.juni er dagen det skal skje, so sett av datoen i kalenderen og gled deg til å Levva Livet ein minnerik junikveld.

Lukka førehandsal for abonnenter av vårt nyheitsbrev.

Avrensa tal Early Bird billettar startar på kr. 790.- , så aukar prisen!!! 

Avgrensa publikumskapasitet på Sandane Stadion.! 

OBS: Det blir både fotografert og filma på festivalen sine område!

Portane opnar ca.kl. 16.30. Konsertar startar kl.18.00 

Aldersgrense 18 år

Konserten har unummererte ståplassar. 

sandane glopperock nordfjord åge sambandet rock aleksandersen ågealeksandersen åge&sambandet ågeogsambandet sandanestadion takkfoross sogn gloppen stadion fjordane

Einschränkungen

Aldersgrense 18 år. Hugs gyldig legitimasjon!

Verzichtserklärung

Programendringar kan hende. Kjøpte billettar refunderast ikkje. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell, dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon, før eller under arrangementet.