page view image

GLOPPEROCK 2024 // Heradsplassen

Informasjon
event image

Plumbo:

Årets hovudaktør under festivalen er bandet Plumbo, som med hit´en Møkkamann vann Spellemannsprisen for Årets hit i 2011. Utdelinga gav bandet og frontfigur Lars-Erik Blokkhus framsideplass i alle landsdekkande aviser, og heile Noreg hadde brått ei meining om bandet. Sidan dengong har bandet turnert hyppig, og stadig gjeve ut ny musikk til glede for unge og vaksne fans. Plumbo har ikkje spelt i Gloppen før, og fleire har etterspurt bandet tidlegare år. No greip vi sjansen, og gler oss til å dele opplevinga på tvers av generasjonar

Plumbo består av:

Lars-Erik Blokkhus - gitar og vokal

Tommy Løken-Elstad - bass

Glenn Hauger – trekkspill og fløyte

Elg Knutsen - trommer

Henning Hoel Eriksen - keyboard

The Promise – a tribute to Springsteen

Alle elskar Bruce Springsteen, og sidan originalen plukka ut Bergen som besøksstad for 2024, tok vi tak i det nest beste alternativet. The Promise er eit 9-mannsband som for dette høvet vil hylle Springsteen sitt kommersielle høgdepunkt, nemleg plata «Born in th U.S.A», frå start til slutt. Ettersom det i starten av juni er 40 år sidan denne plata såg dagens lys, passar det perfekt å markere dette under Glopperock i år.  Med ei sopass stor besetning på scena vert det utvelsamt  trøkk frå start til slutt, og ein pangstart for Glopperock 2024 sitt hovudarrangement laurdagskvelden.

«The Promise – a tribute to Springsteen» er:
Inge Villy Hauge, Vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick, Gitar og vokal
Ole Rasmus Hjelle, Gitar og kor
Jarle Grotle, Piano og kor
Henning Reinton, Orgel
Kjetil Solberg, Bass
Anders Vengen Jensen, Trommer
Einar Rune Haugnes, Saksofoner
Jan Erik Reknes, Trompet og kor

Hit Station:

Morten Fredheim, kjend frå  The Voice, stiller på med bandet Hit Station. Bandet  vil være siste aktør ut for kvelden, og vil spele dei største hitlåtane frå 80-talet og fram til notid. Lista er lang og spenner seg frå Van Halen, innom A-ha  og til Taylor Swift. So absolutt noko for ein kvar smak, og showet vil bli ispedd ekstra pyroeffektar for å gjere kvelden komplett for dei som vert med oss i allsongen til siste slutt.



Billettsal startar tysdag 19.desember 2023 kl. 10.00.

Billettar Early Bird laurdagspass prisar startar frå kr.690.- 

Ordinærpris kr. 990.- 

Avgrensa tal Early bird billettar og publikumskapasitet på Heradsplassen.

Bord, benkar og stolar til publikum vert utplassert på Heradsplassen. Scena plassert mot Gloppebua.

glopperock gloppen sandane plumbo hitstation

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år. Hugs gyldig legitimasjon!

Ansvarsfraskrivelse

Programendringar kan hende. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell, dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon, før eller under arrangementet.