GLOPPEROCK 2025 // Sandane Stadion
Siste moglegheit til å oppleve Åge Aleksandersen & Sambandet i Nordfjord og Sogn.
Åge & Sambandet tek turen til Sandane og Glopperock 2025 14.juni !
Under ein pressekonferanse i 2023 annonserte Åge Aleksandersen at turnèen i 2025 ville bli den siste for Åge & Sambandet. Etter nærare 50 år og uttallige konsertar skal historia rundast av, og Glopperock er med på eventyret! Bandet har spelt på festivalen vår fire gongar tidlegare, mellom anna under verdas fyrste Glopperock i 1980. Starten på Åge & Sambandet sine konsertar på Sandane var måndag 24.april 1978, for ein utseld Aula v/Firda vgs. Etter eit langvarig og godt samarbeid gjennom mange år er det naturleg for både Åge og oss at vi tek ein siste dans!
Turnèen har fått enorm merksemd, og avsluttast med tre utselde konsertar på Lerkendal. Då kunne ikkje vi være noko dårlegare, og legg difor festivalen til vår lokale variant: Sandane Stadion!
Laurdag 14.juni er dagen det skal skje, so sett av datoen i kalenderen og gled deg til å Levva Livet ein minnerik junikveld.
Det kritikarroste bandet Oddny kjem til Sandane laurdag 14. juni, og vert fyrste band ut under Glopperockfestivalen sitt hovudarrangement. Oddy har markert seg med låta «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien «Årets nykommar», og får stadig merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, samt for å være eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd.
Vi er særs glade for at vi har fått Oddny med oss på laget, og gler oss til at dei skal få varme opp for sjølvaste Åge Aleksandersen & Sambandet. Bandet vert ein glimrande start på dette arrangementet, og vi har som mange andre stor tru på at bandet vil vekse i tida framover.
Gutane i Oddny har hovudkvarter i «Gamlehuset på Håjen» i Bremanger, der dei i periodar bur, musiserer, skriv og spelar inn nytt materiale. Dei gjev ut musikken på eige selskap (HotWater) der trommeslagar og produsentspire Oliver Igland styrer spakande. Både han og låtskrivar Iver Strand Senneset er frå Bremanger, medan resten av besetninga er Bartek Galek frå Førde og Edvard Røgeberg er frå Sandane. Alle har dei gått på musikklinja på Firda Vgs, så no skal endeleg Glopperock publikumet få oppleve resultatet av at dei har gått ein knakande god skule.
Kokken Tor & Laila B klare for Glopperock
Når Åge & Sambandet takkar for seg etter deira aller siste konsert i Nordfjord, vert scena rigga om og gjort klar for kveldens siste aktør. Då er nemleg bandet Kokken Tor m Laila B klare for å toppe kvelden og gje publikum ei solid avslutning på Sandane Stadion! Det annerkjente coverbandet har ry på seg til å heve feststemninga til taket, og repertoaret vil bestå av det absolutt beste av norske rockeslagerar. Publikum vil få ta del i ein hardslåande hitkonsert med låtar frå ma. DumDum Boys, DeLillos, Jokkke, CC Cowboys og Ingenting. Karane i Kokken Tor har lang erfaring på vegen, og med enorm spelelyst vert dei stadig meir populære og etterspurt. Bandet vert hyppig omtala som det «galnaste» og «råaste» partybandet som rullar på norske vegar, so det ligg an til ei pangavslutning!
Med seg på laget tek dei med seg Laila B. Førde på saksofon og vokal, som vil som vil fylle lydbiletet ytterlegare og bidra til at kvelden vert komplett.
Kokken Tor er:
Vokal/gitar: Torbjørn Gran
Gitar: Kim Arin Schei
Bass: Kristian Roset
Trommer: Åge Nygård
Lydmaestro: Geir Nygård
Avrensa tal Early Bird billettar startar på kr. 790.- , (Utseld) så aukar prisen!!!
EARLY BIRD billett haust kr. 890.-
NB!! Prisauke måndag 16.desember 2024 kl.23.59
Avgrensa publikumskapasitet på Sandane Stadion.!
OBS: Det blir både fotografert og filma på festivalen sine område!
Portane opnar ca.kl. 16.30. Konsertar startar kl.18.00
Aldersgrense 18 år
Konserten har unummererte ståplassar.
Restriksjoner
Aldersgrense 18 år. Hugs gyldig legitimasjon!
Ansvarsfraskrivelse
Programendringar kan hende. Kjøpte billettar refunderast ikkje. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon vert gjeven berre ved avlysning av heile arrangementet.
Retten til å krevje arrangøren for refusjon bortfell, dersom arrangementet heilt eller delvis rammast av ein Force Majeure situasjon, før eller under arrangementet.