page view image

GLOPPEROCK Hagefest Gloppen Hotell

Arrangementsinformasjon
event image

Hagefest på Gloppen Hotell 

Svelekameratane er klare for Gloppen Hotell, fredag 10.juni


Bandet tek ferja over til den rette sida av fjorden for å bli med på jubileumsfestivalen vår, og for ein pangstart dette vert! Det melder ein entusiastisk Øyvind Aasen Gloppestad, pressesjef i Gloppen Musikkforum.

Svelekameratane er eit viktig namn i Glopperockhistoria, og eg minnast godt at dei var ein del av programmet fleire år i løpet av 90-talet.


Til liks med Honndalen Soul & Funkarlag, som òg spelar under årets festival, er Svelekameratane eit namn som har vore på blokka vår lenge. Det kunne difor ikkje passe betre å ta dei med på laget sidan Gloppen Musikkforum i år inviterer til jubileumsfestival.  


Bandet har holdt det gåande i snart 30 år, har gjeve ut tre plater og fleire singlar, samstundes som dei jamnleg jobbar med nytt materiale. Eidarane har holdt energinivået oppe heile vegen, og ein vil merke overraskande lite forskjel på Svelekameratane i 2022 og frå sist gong dei spelte på Glopperock, som var i 1997. Det står det respekt av, meiner Gloppestad. 


Sjangermessig kan eidarane samanliknast med DumDum Boys og Raga Rockers, og dei syng på dialekt. Det vert ein rocka start i hotellhagen når denne fredagen endeleg kjem, avsluttar Gloppestad på vegne av Gloppen Musikkforum


Svelekameratane (Svelene) består av:

Tom Grinde – vokal

Bjørn Dahlgren – gitar

Rune Standal – slagverk

Knut Inge Bjørneset – bass

Sverre Brungot – gitar


Restriksjoner

Aldersgrense 18 år

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje