GLOPPEROCK 2020

INFORMACJE O IMPREZIE

Billettsalet startar måndag 23.desember 2019 kl.10.00. Vi legg ut Early Bird billettar Juletilbod og Desember tilbod i avgrensa tal. 


ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET.

I 1980 toppa Åge Aleksandersen og Sambandet Glopperock-plakaten på den aller første festivalen.  40 år seinare har vi fått Åge tilbake og vi skal «heim» til Jølet med hans 6 mann sterke Sambandet og i tillegg kjem 3 mann på blåserekke. Det gledar vi oss stort til.

Få, om nokon har satt djupare spor i musikkhistoria her til lands enn sjølve gudfaren i norsk rock, som hele nasjonen er på førenamn med.

Åge har sidan slutten av 1960-åra vore ein av dei fremste representantane for norsk rockemusikk og bidrege sterkt til å få norske tekstar akseptert i rockemusikken. Han har motteke ei rekke utmerkingar og prisar, inkludert to heidersprisar under Spelemann, i tillegg til å blei utnemnt  til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk musikk og kulturliv.

Då Åge Aleksandersen gav ut «Levva Livet» i 1984 blei albumet tidenes mest selde i Noreg med over 260 000 selde eksemplar, og blei liggande på VG-lista i hele 37 veke. I tillegg blei det skreve eit nytt kapittel i norsk rockehistorie då Åge & Sambandet spelte i Royal Albert Hall som fyrste norske head-liner nokon sinne  – ein konsert som selde ut på fire minutt.

35 år etter at suksessalbumet «Levva Livet» inntok dei norske heimar,  er Åge Aleksandersen & Sambandet større enn nokon sinne, og dei avslutta sin turne 2019 i Oslo Spektrum til strålande kritikkar. Åge og Sambandet er garantistar for god stemning og store konsertopplevingar

I 2020 legg Åge Aleksandersen & Sambandet ut på vegen i ein eksklusiv Norgesturne med berre omlag 16 konsertar. Åge spelar på Glopperock festivalen i "Jølet" på Nordfjord Folkemuseum, Sandane laurdag 13 juni, som blir einaste konserten i Sogn og Fjordane (Vestland fylke) i 2020.

Det er ei sann glede å ynskje den legendariske trønder rockar`n med band velkommen tilbake til GLOPPEROCK.

KOKKEN TOR med gjesteartistar.


Rockebandet Kokken Tor har invitert med seg fleire musikalske vener til ein kavalkade av rockehits som ein gjennom 40 år har fått høyre på Glopperock. Dei avsluttar Glopperock laurdagen i Jølet


HONNDALEN SOUL & FUNKARLAG. 


Vi har også fått på plass dei lokale legendane i Honndalen Soul & Funkarlag, kjend for hitlåta Siloen Min


Fleire band og artistar vil bli annonsert seinare.





glopperock
gloppen
muse
nordfjord
sandane
folkemuseum
nordfjordfolkemuseum
jølet
rock

Restrykcje

Aldersgrense 18 år. Billett vert innløyst til armband.

Ograniczenia

Kjøpte/tapte billettar refunderast ikkje. Programendringar kan førekome. Kansellering av artistar/band og påfølgjande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gjevast kun ved avlysing av heile arrangementet.