Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Unge gjennombrot og velkjende vinylfantastar klare for Glopperock, fredag 13.juni!
Glopperock nærmar seg , og som ein mjuk start på festivalhelga inviterer arrangøren til plateprat og konsert i Topp Foss-salen på Gloppen Hotell. Vinyl med noko attåt er eit velkjent konsept for dei musikkinteresserte i bygda, der Vegard Hjartholm og Ola Tarjei Kroken har losa besøkande igjennom ulike tema med jamne mellomrom. Denne gongen tek dei med seg ein bunke vinylar basert på Glopperock si historie, og eg gler meg til å høyre kva dei grip fatt i. Med ei 45 år lang festivalhistore tenkjer eg det er ein god del å ta av, og desse to karane kan jo verkeleg sitt fag, melder pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad.
Når musikkpraten er over vil vi gje plass til to unge talent frå Sogn, nemleg We Met in June. Duoen fekk vel fortent Luttprisen som årets gjennombrot i år, og består av Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson Kvåle. Sara sin lidenskap for 70-tals singer-songwriter og folkpop står sterkt, og saman med Gjest sin kjærleik til americana smeltar paret saman til noko unikt. Det er beint fram vakkert, og vil gje oss ein verkeleg fin start på ei rik festivalhelg, avsluttar Gloppestad